tysdag 20. april 2010

Lite blogging

Det har vore lite blogging i det siste. Har forsøkt å følge opp på FB.

Det er mykje som skjer i Volda for tida. Vi arbeider blant anna med byggeprosjektet Dalsfjord skule med fyrmuseum. Ein har no valt entreprenør og skal til å detaljprosjektere bygget.

Førre helg hadde vi dugnad i Dalsfjord. Vi tok ned den gamle utstillinga som låg i kjellaren på skulen. No kan det rivast utan at våre ting kjem i fare.

fredag 26. mars 2010

Runde fyr

Denne veka var eg på Runde fyr saman med Kystverket. Det var skikkeleg moro. Arbeidet gjekk ut på å registrere og tilstandsvurdere bygningane på fyrstasjonen. Eg tykkjer det er artig å finne att historia bakom husa, kva dei vart nytta til og kven som budde der. På denne stasjonen var det mykje historie på ein stad.
Fyrstasjonen er vel verdt ei vitjing i sommar.

onsdag 17. februar 2010

Førebels

Dette er ein test på blogging.

Her er bloggen om førebelse saker.


Har du noko førebels? Då kan du i ei tidsavgrensa tidsbolk leggje det her.